Ope folkemøte om framtidsfullmakt
2023-01-16 18:30 - 19:30
Ifølge vergemal.no er ei framtidsfullmakt eit privatrettsleg alternativ til vanleg vergemål, om vi ein gong i framtida ikkje lenger er i stand til å ta vare på våre interesser innen dei områda som fullmakta gjeld for.
Vi spør om kvifor det er viktig å ha ei framtidsfullmakt.
Er dette noko alle må ha?
Kva skjer om eg ikkje har ei framtidsfullmakt?
Når trer ei framtidsfullmakt i kraft og kven bestemmer at den skal tre i kraft?
Dette er blant spørsmåla vi får svar på når Sparebanken Møre kjem og held foredrag for oss.
Møtet er gratis og er ope for alle. Vi serverer kaffi.
Hareid sanitetslag ønsker vel møtt til ein interessant temakveld!